Krykkje

Foto: Hallgeir B. Skjelstad

Foto: Hallgeir B. Skjelstad

 

Krykkja hekkar i koloniar i bratte fjellveggar, men ein kan også finne henne hekkande på bygningar og bruer. Dei største koloniane i Noreg finn ein frå Hornøya i nordaust til Runde i sørvest.

Krykkja var den vanlegaste fuglefjellsarten på Runde, men i dei siste tiåra har arten gått kraftig tilbake – på same måte som andre stadar i landet.

Om vinteren finn ein krykkjene i nordatlanterhavet, frå nordvestkysten av Afrika i aust til Grønland og Newfoundland i vest.

På Runde kan ein sjå krykkje heile året, men meir sporadisk og fåtallig om vinteren.