Lomvi

Foto: Hallgeir B. Skjelstad

Foto: Hallgeir B. Skjelstad

 

Lomvi finn ein i den nordlege delen av Atlanterhavet og dei nordlege delane av Stillehavet. Lomvien har tidlegare hekka både i Østfold og på Sørlandet, men er no vekke frå desse plassane. Dei fleste hekkar frå Lofoten og nordover, kanskje så mykje som 90 % av dei hekkande lomviane i Noreg finn ein frå Lofoten og nordover.

På Runde, som i resten av landet, har hekkebestanden gått kraftig tilbake. Arten vert no rekna som kritisk truga.

Ein kan sjå lomvi på Runde heile året, sjølvsagt flest i sommarhalvåret.